Tone Bakke har gjeve ut diktsamlinga Det er ikkje mine sko du serForlaget Publica i 2024.

Ta kontakt for signert utgåve med personleg helsing!

Med denne debutboka står Tone Bakke fram med ei sterk og særmerkt litterær stemme. Prega av ein alvorleg ME-sjukdom formidlar ho tunge kvardagserfaringar, men også eit boblande overskot av glede og kjærleik til livet. Tekstane gjev nærleik til ein alvorleg livssituasjon, men også med tydlege invitasjonar til å reflektere over tida vi lever i og samfunnet vi er del av. Det er ikkje mine sko du ser er ei viktig bok – for alle.

    –Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar

deterikkjemineskoduser_forside_small.JPG

Forfattaromtale

Tone Bakke (f. 1985) er oppvaksen på Davik i Nordfjord, og er i dag busett på Vassenden i Sunnfjord. Ho er mor til to tenåringar, men er også kronisk sjuk med ME, og er i kvardagen sengeliggande i 22 timar av døgnet. Det er ikkje mine sko du ser er hennar bokdebut.

Vaskeseddel (kort bokomtale)

ME-pasientar har like dårleg livskvalitet som kreftpasientar. Dette vart slått fast av norsk forsking frå Fafo og SINTEF i det samfunnsvitskapelege prosjektet Tjenesten og MEg i 2023. Sluttrapporten viser at ME-pasientar ofte opplever å ikkje verte tekne på alvor innan helse- og sosialtenester, tvungne inn i skadelege tiltak hos Nav og verte mistenkeleggjorde i samfunnet elles, noko som samla sett er til stor meirbelastning for i utgangspunktet skjøre ME-pasientar. Kan ein ME-pasient sine refleksjonar om livet vere med på å spreie forståing for diagnosen?

Nysgjerrig på innhaldet i diktsamlinga? Tone har lest inn eit utval dikt:

🔗 Smil

🔗 Det er mars

🔗 Skuggar skudrar skymt

🔗 Det er ikkje mine sko du ser

<aside> 👋🏻 Har du tankar om dikta du har lese? Tilbakemeldingar takast imot med takk!

</aside>

Media

🔗 Reportasje i Firda, 5. april 2024: Kastar lys over sjukdomen sin: — mange som ikkje forstår (også publisert i Firdaposten)

🔗 Reportasje i Fjordenes Tidende, 8. april 2024: Det tok flere år før Tone fikk diagnosen - nå gir hun ut diktsamling om sykdommen som preger livet

🔗 Kronikk i Fjordenes Tidende, 13. mai 2024: Takk for at du dreg lasset, helsing lasset (også publisert i Firda og Firdaposten)

🔗 Radioinnslag i NRK Vestland, 14. mai 2024


Fylg Tone Bakke på sosiale medier